• Meiner partileiaren er i utakt med store grupper • www.firda.no
• Meiner partileiaren er i utakt med store grupper • www.firda.no
Aksjoner for Palestina mot staten IsraelStaten Israel si bording av den humanitære Gaza-konvoien i internasjonalt farvatn viser tydeleg staten Israel sin brutalitet. No må norske styresmakter ta grep og straks utvise Israels ambassadør og stengje ambassaden. Angrepet på skipa som fraktar naudhjelp til befolkninga i Gaza er eit grovt brot på Folkeretten, humanitet og sjørett. Å drepe deltakarane i fridomsflåten er eit brotsverk mot dei lange tradisjonane folk over heile verda har med å hjelpe land og folk i naud. No er jødar i fleire europeiske land i ferd med å sende båtlaster med naudhjelp til Gaza. I Raudt meiner vi at Norge ikkje lenger kan sitje stille og sjå på at Israel ikkje held seg til internasjonalt lovverk. Det er absurd at Norge skal ha normale diplomatiske samband med eit land som okkuperer område, undertrykker eit heilt folk, og drep fredsaktivistar som prøver å drive naudhjelp. Raudt krev at regjeringa no bryt diplomatiet med Israel og stengjer den israelske ambassaden. Straks det let seg gjere, må den raudgrøne regjeringa også trekkje oljefondet/pensjonsfondet sine midlar ut av alle israelske selskap. Når no også LO sitt representantskap har føreslått dette, burde den raudgrøne regjeringa sjå seg forplikta. Når LO sikra denne regjeringa fire nye år, må LO også bli høyrd på. Vi som forbrukarar kan også gjere noko i det daglege; unngå å kjøpe israelske varer i butikkane. Det gjorde vi mot rasestaten Sør Afrika – no er det staten Israel sin tur. Kva med Samvirke-lag og Coop; “Litt mitt og litt ditt”. Coop Italia boikottar visst israelske verer. Coop Norge kan gjere det same. Fagforeiningane sin internasjonale solidaritets-praksis må opp og fram. Kommunane/kommunestyra kan gjere noko overfor handelsstanden! Alle kan gjere litt – til saman blir det mykje og effektivt. Raudt Høyanger "DU MÅ IKKJE TÅLE SÅ INDERLIG VEL DEN URETT SOM IKKJE RAMMAR DEG SJØLV"heiter det i diktet til Arnulf Øverland, vi nyttar den og ber om solidaritet i høve likelønnskampen. Media har hatt eit sterkt fokus på kven streiken rammer, som foreldre som skal ha barn i barnehage og nærmast tomme barnevernkontor i kommunane. Javisst vil ein streik ramme tredje persom men la oss ikkje ta fokus vekk frå kva som er hovudsaka. Frå den dagen kvinner forlot heimetilværa og vart yrkesaktiv har lønna vert lavare enn mannens. Om vi skal forstå lov om likestilling rett er konklusjonen at samfunnet definerer kvinners arbeid av lavare verdi enn mannens når kvinna si inntekt fortsatt berre er 80% av mannens. Er det slik at arbeid med mennesker, som for eksempel sårbare barn og unge i utsatte familiar, mennesker med utviklingshemming, rusmisbrukarar, eldre og sjuke er av lavare verdi enn arbeid utført av mannsdominerte yrkesgrupper? Annonse | |||||||||||