Brannen på Hopstock HotelDa eg opna Sogn Avis på nette i dagtidleg å såg at det hadde våre brann på Hopstock Hotel,så kjente eg at eg blei kvalm,lei meg og volsomt triste,kjenner at tårene presser på i kveld,når eg ser bilder på nette,frå brannen i natt:( Synest dette var ei veldigt trasig ulykke for Viksja bygda no når det skal væra Gamalost festival og turistsesongen er i gang i heimbygda mi. Sender mine varme tanker til Famillien Riiber og alle i Vik Kommune…. Ønsker lykke till med festivalen og håper at alle Viksjer,Vangsnese,Fjoringar,Feiose og Fresviksje teke vare på kvarandre i helga:) Eg skal tenke på dikka alle i hopa:)) GOD HELG!!!! God Klem Frå Reidun KAMPEN FOR EIT BETRE BARNEVERNDen alvorlege situasjonen i det kommunale barnevernet har vert gjenstand for merksemd frå Fylkesmannen ei rekke ganger. FO organiserer dei fleste som arbeider innan denne tenesta. Vi mottek stadig henvendingar frå våre medlemmar som gjer oss urolege over situasjonen, dei melde auka press i antall saker, høgare grad av alvorlege saker og fleire saker med fristbrot og henlegging. Vi vil gjere oppmerksom på at det er arbeidsgjevar som er ansvarleg for tenesta ikkje den einskilde arbeidstakar. Ansvaret arbeidsgjevar har for barneverntenesta tilseie ei auke i tilsette. Dei fleste kommunar i Sogn og Fjordane ligg under landsgjennomsnittet i antall tilsette rekna utifra antall saker dei arbeider med og antall barn i kommunen. I følge Statistisk sentralbyrå var antall tilsette pr. 1000 innbygger mellom 0-17år på landsbasis 3, medan det i Sogn og Fjordane er 2,4. ( 2008- tal) Då årets statsbudsjett vart lagt fram var det gjort ei ekstra bevilgning til ny stillingar i det kommunale barnevernet. Det er få kommunar som har tatt dette på alvor. FO Sogn og Fjordane har gjennom avisinnlegg, brev til ordførarar og rådmenn samt å ta opp situasjonen i dei møter vi har med arbeidsgjevar forsøkt å få fram alvoret. Seinast 22.april vart det sendt brev til ordførar og rådmann i alle kommunane i Sogn og Fjordane. Til ordførarar og rådmenn i Sogn og Fjordane. Fellesorganisasjonen FO krev eit styrka barnevern FO har tidlegare vore i kontakt med Dykk kring samme tema- dessverre framleis like aktuelt. Realveksten i frie inntekter til kommunane var for 2010 på 2,7 mrd. kroner, av desse blei det frå regjeringa rekna rom for også den nemde auken i stillingar innanfor barnevernet. I følge fylkesmannen skulle dette gje 7-8 nye stillingar i vårt fylke. Så les vi i blogg frå Fylkesmannen av 06.04. d.å., at deira gjennomgang av budsjetta for kommunane viser ein budsjettert auke på 3-4 årsverk. Samstundes er det, på fylkesbasis redusert 1,5 årsverk. Kommunane løyser dette ved å legge vekk saker. I gjennomsnitt legg kommunar i vårt fylke vekk 20,3 % av sakene, i ein kommune er dette talet på over 50 %!. I bloggen blir det konkludert med at rettstryggleiken til barnevernsbarn ikkje blir respektert. Dette er det ikkje vanskeleg å slutte seg til! Blant FO sine medlemmar er det mange engasjerte og flotte barnevernsarbeidarar som ønsker å gjere ein best muleg innsats for barn og unge som treng barnevernet si hjelp. Slik situasjonen no er, blir tilsette i barnevernet sett i skvis mellom fag og økonomi, fag og system og fag og kapasitet. Ei av løysingane på dette er betra rammevilkår. Vi vil på det sterkaste oppmode om at det vært teke høgde for dette når budsjettet i år skal reviderast og i kommande år når nye budsjett i kommunane skal vedtakast. FO Sogn og Fjordane Annonse | |||||||||||