Viser arkivet for april, 2010

Til deg som var ung på 60 og 70 - tallet....

Du har kanskje oppdaget at tråden til dette innlegget nå er fjernet og dermed muligheten til å komme inn på min webside The Story of Radio Luxembourg

Du kan fortsatt komme inn uten å registrere deg fram til 1 mai , men deretter må du registrere deg for å kunne benytte websiden.

NÅR FOLKS HELSE VÆRT ØKONOMI

Ei omlegging fra lokalsjukehus til distriktmedisinske senter kor eit “spleiselag” med omliggande kommuner skal finansiere sengepostar er å overføre kostnadane til kommunar som allereie slit økonomisk, sjølv med ei overføring av 20% av tilskota som no tilfell helseforetaka. Omlegginga som er foreslegen er basert på ei samhandlingsreform som er planlagt satt iverk frå 2012. Gjennom samhandlingsreforma foreslår regjeringa å gje kommunane eit medfinansieringsansvar for pasientar som behandlast i sjukehus. Det innebærer at kommunane skal betalar ein andel av kostnadane ved behandling på sjukehus. Kostnadane skal pressast nedover i tenestekjeden og i enden av den kjeden står den einskilde borgar.

Den markedsøkonomiske tankegangen er i ferd med å gjennomsyre heile helsevesenet. Sjukehusa er tatt over av byråkratar, økonomar og folk frå privat næringsliv som har tatt i bruk eit bedriftsøkonomisk språk som er framant for folk flest. Pasientar er blitt kundar, behandling kallast produksjon og ventelister kallast ordrereservar. Omgrep som bestiller, brukar, utførar, produksjon og kontrakter er blitt daglegtale. Når pasientar vært sende heim frå sjukehusopphald er dei ikkje friske, men “utskrivningsklare”. Slike omgrep høyrer ikkje heime i fagspråket innan spesialisthelsetenesta. Ein slik tankegang gjer noko med oss som fagfolk, skapar sanningar, så holdningar og til slutt handlingar. Dette forsterkast når delar av pasientbehandlinga vert sett på som utgiftspost. Fordi innsatsen ikkje kan synleggjerast som ein type aktivitet som utløyser pengar, såkalt DRG-poeng (diagnose relaterter grupper) og innsatsstyrt finansiering.

Effektiv sjukehusdrift og pasientbehandling handlar sjølvsagt om økonomi. Men sjukehus er ikkje butikk. Folks helse skal ikkje vere gjenstand for kjøp og sal. Heller ikkje skal busetnad vere gjenstand for kva helsetilbod dei vert tildelt. Velferdstatens hovudprinsipp er å sørge for borgerane sin sikkerheit. Spørsmålet vert om det er sikkerheit god nok for folk i utkantstrøk når nedleggingsspøkelset trugar lokalsjukehusa, når avstanden til fødeavdeling, akuttavdeling, og andre avdelingar som eldre, unge og barn har behov for hjelp frå vert for stor. 10- 20 mil til næraste sjukehus er lengre i Sogn og Fjordane med fjellovergangar og ferjestrekningar enn i andre delar av landet med 2 felts motorveg. For FO Sogn og Fjordane er det innlysande at eit kvalitetsikra helsetilbod kostar meir i Sogn og Fjordane og vi meinar det er verdt pengane.

Helseforetaka står i eit konstant krysspress mellom ambisiøse helsepolitiske mål og krav om å få stadig meir utav pengane. Det er eit stort misforhold mellom ambisjonane for velferdstaten og dei faktiske ressursane som er stilt til rådvelde. Resultatet er at velferdstaten har blitt avhengig av ansatte som strekker seg ekstra langt for å få endane til å møtast. Dette er fagfolk som står ansikt til ansikt med brukarane, og som ikkje har samvet til å gå fra ansvaret for å imøtekomme deira behov. Problemet er og at makt og ansvar ikkje lengre følgast an. Makta sit i øverste del av organisasjonen, mens ansvaret er plassert i frontlinja.

Den offentlige kontrollen med helsepolitikken er redusert, det fins inga politisk folkevalgt eining på region nivå til å kontrollere dei regionale helseforetaka. Helsestyra som var satt til å ha den konrollerande rolla har fått rolla som administrator.
Vi meiner det er på tida at staten tek att den politiske styringa og kontrollen med helseforetaka og reverserer den amrikaniserte økonomistyringa som gjer seg gjeldande gjennom new public management.

FO Sogn og Fjordane
Styret

Tek oppgjer med dei konservative kreftene.

Mange kloke menn og kvinner har gjennom mange år gjort ein stor innsats for det norske samfunnet i Arbeidarpartiet. Odvar Nordli er ein av desse. Han var statsminister i Norge frå 1976 til 1981. Nordli er no 82 år gamal. Ein artikkel på nettstaden til Oppland Arbeiderblad viser at han framleis har meiningar om og god innsikt i norsk politikk. I artikkelen uttalar han seg om den betente sjukehusdebatten som rasar fleire stader i landet no. Eg meiner det er svært kloke ord frå Nordli.

Nordli tek eit kraftig oppgjer med dei som vil bevare alle lokalsjukehusa. Han seier Vi må ikke overlate til de mest konservative kreftene i Norge å bestemme hvordan samfunnet skal se ut på viktige områder.

Han seier og: Spørsmålet er ikke å ta noe ifra noen, men å gi folk noe bedre. Jeg savner politikere som med kraft kan gå ut å forklare at det er slik seier Odvar Nordli i ein samtale med Ap-sekretær Raymond Johansen.

“Vil heller overleve på Gjøvik enn dø på Hamar.”

Kva skal de i Qatar statsråd Giske og Kronprins Håkon?

Les i VG at næringstatsråd Giske og Kronprins Harald skal til Qatar og vere med på opninga av Hydro sin nye aluminiumsfabrikk der nede. Eg kan jo forstå at Giske vil på tur med Kronprinsen, han fekk han jo ikkje med i det ”berømte” utvalet sitt. Men eg kan ikkje sjå nokon grunn til at dei skal kaste glans over og gi Hydro ei form for offisiell godkjenning av dette prosjektet.

Denne fabrikken har eit CO2-utslepp tilvarande 1,2 mill. personbilar årleg og det er forbod mot å fagorganisere seg der nede. Eg er fullstendig samd med LO-leiar Flåten når han seier at dette ikkje er hans favorittprosjekt og at han eigentleg mislikar heile prosjektet.

Hald dykk heime er mi oppmoding! Eller finn dykk ein annan plass å reise om de absolutt må på tur!

Ottar Uglum
Styremedlem i Raudt Høyanger

Beste nyhendemedie i Sogn og Fjordane 2010

Gå inn på http://kaaringane.blogspot.com/ og stem på det beste nyhendemediet i Sogn og Fjordane 2010