Viser arkivet for mars, 2010

  • Ungdomsgjeng frå Gaupne 2009 — Besøk på paintballbana vår.
  • Lagleiaren har ordet :)
  • Folk fra Balestrand
  • Presisjonsskyting
  • Full konsentrasjon!
  • 30.05.2009

Vi treng både lokalsjukehus og styrka kommunehelseteneste

Raudt Høyanger meiner at lokalsjukehusa i Lærdal og på Nordfjordeid må oppretthaldast som fullverdige lokalsjukehus med akutt- og fødetilbod som no. Innbyggjarane i Nordfjord og i Indre Sogn har krav på same nærleik til slike helsetenester som Sunnfjord og Ytre Sogn har gjennom sjukehuset i Førde.
Den raudgrøne regjeringa og det raudgrøne stortingsfleirtalet må bla opp millionane som trengst. I tillegg må det rekneskapssystemet som skapar eit økonomisk underskot avskaffast. Raudt er mot at sjukehusa skal budsjetterast og rekneskapsførast annleis enn offentlege velferdstilbod elles.
Helse Førde sitt forslag om nedlegging av lokalsjukehusa i Lærdal og på Nordfjordeid vil gjere desse om til lokalmedisinske senter. Modellen er basert på samhandlingsreforma – det som lett kan bli eks-statsråd Bjarne Håkon Hansen ”si” neste store skandale-prosjekt etter NAV-misfosteret. Samhandlingsreforma må etter Raudt Høyanger si meining ikkje gjennomførast utan utprøving med retrett-sjansar. Lokalsjukehus i eit fylke med spreidd busetjing bør ikkje vere prøvekanin.
Raudt Høyanger ser eit sterkt behov for både førebyggjande og kurativ tiltak mot dei sjukdomar og den utviklinga som blir brukt til å marknadsføre samhandlingsreforma. Partiet ser også at tilbod som i dag berre finst på sjukehus, må desentraliserast til kommunane eller interkommunale løysingar. Raudt meiner difor at det beste som kan gjerast er auka løyvingar til kommunane øyremerka førebyggjing, meir desentralisert behandling og auka løn til helsearbeidarar slik at fleire utdannar seg til desse yrka. Dette vil også vere eit godt tiltak i kampen for likeløn fordi dei fleste helsearbeidarar er kvinner. Interkommunale løysingar bør berre vere aktuelt når mangelen på fagfolk, for små fagmiljø og for lite tilgjengeleg utstyr gjer det aktuelt.
Raudt Høyanger vil på denne bakgrunnen krevje at Helse Førde går bort frå planane om å leggje ned lokalsjukehusa og den sentraliseringa av kompetansearbeidsplassar dette inneber. Helse Førde må heller sender rekninga dit den høyrer heime – hjå sentralstyresmakta. Raudt Høyanger meiner at meir av avgifts- og skattekronene må tilbakeførast til kommunane slik at der kan byggjast opp både førebyggjande og kurative tilbod som gjer innlegging på sjukehus unødvendig.
Raudt vil Høyanger vil utfordre dei politiske partia i Høyanger til å støtte kravet om oppretthalding av lokalsjukehusa og om auka økonomiske tilbakeføringar frå staten til kommunane slik at førebyggjing av sjukdom og meir desentralisert kurativ behandling kan gjennomførast. Eller skal Ap-ordførar Longva og H-Astor si einsidige støtte til sentralsjukehuset bli ståande som Høyanger sitt standpunkt? Raudt vil det annleis. Kor er resten av opposisjonen?
Raudt Høyanger
Einar Rysjedal, leiar

Stagnasjonsfylket?

I sin blogg, I am fiction, har Anne Viken lagt inn eit innlegg som ho holdt på småsamfunnkonferansen i Tromsø 18. mars. Viken har analysert Sogn og Fjordane si “omdømesatsing” og har i all hovudsak stempla den som totalt mislykka. Ho meiner blant anna at fylket marknadsfører seg som eit fylke som stagnerte på 1800-talet, og at hvis Arbeidarpartiet får det som dei vil med tilltakspakkar, så vil fylket verte stempla som ein bananrepublikk mellom Hordaland og Møre og Romsdal.

Det er ikkje første gang Anne Viken spissformulerer seg om Sogn og Fjordane og omdømet til fylket. Seinast for nokre månader sidan skapte ho ein kjempedebatt med spissformuleringa: “Død over Senterpartiet, Målrørsla og bunadseliten“. Og i 2007 skapte ho like mykje debatt då ho skreiv eit lesarbrev der ho skulle ha bunadsbål, etter at Sogn og Fjordane sendte 60 bunadskledde til Oslo i gåve til Kongen sin 70-års dag.

Sjølv fekk eg merke Anne Viken sin spisse penn då vi gjekk på Hafstad Vidaregåande saman på midten av 90-talet. Ho og nokre andre utgav ei anonym skuleavis som var stort sett i oposisjon til alt som foregikk ved skulen. Eg hugsar ikkje lenger kva det var ho skreiv om meg, men eg hugsar at eg satte alt inn for å finne ut kven det var som hadde skreve det. Kan ikkje ha vore så gale sidan eg har gløymt det.

Sogn og Fjordane skal være svært glad for at vi har Anne Viken, og andre som henne. Vi treng nokon som klarer å sette ord på dei utfordringane vi faktisk har, uansett om dei spissformulerer det eller ikkje. Anne Viken har to gonger satt igang debattar i fylket, som er heilt avgjerande for kva som kjem til å skje med fylket i framtida. Skal vi fortsette som vi alltid har gjort eller skal vi tenkje nytt? Korleis vert vi oppfatta av folk som vi ynskjer skal flytte hit?

Hvis ein skal gje Anne Viken kritikk for noko, så må det være at ho trekk opp ein bråte med problemstillingar og feilsatsingar, utan å sei korleis ho meiner at det skal løysast. Etter å ha kritisert fylket for korleis vi har profilert oss, så seier ho at ho ikkje veit kva løysinga er på korleis vi kan profilere oss betre for å snu folketalsutviklinga.

Eg trur ikkje på det!!

Gjennom sine debattinnlegg og bloggar har Viken fleire gonger vore innom løysingar på problemet. I debattinnlegget i 2007 skreiv ho blant anna: “Det er på høg tid å markedsføre Sogn og Fjordane på premissene til målgruppa. Har de jobbar å tilby oss, fortell oss om dei. Har de tomter, happenings og barnehageplassar, skrik det ut før fylket kun består av ei handfull menneske viss einaste tidsfordriv er å sy bunader til kongelege bursdagar.”

Som journalist og skribent skal Viken være samfunnskritisk og sette fokus på utfordringar. Ho treng ikkje nødvendigvis være løysingsorientert i sine spissformuleringar. Likevel har Viken sine bidrag i debatten om framtida for Sogn og Fjordane vore av dei mest konstruktive og løysingsorienterte vi har sett. Dette har nok samanheng med at dei fleste som heng seg på debatten forsvarer det beståande, og kjempar med nebb og klør for at inngenting skal forandrast.

Til sjuande og sist så er det andre som bør, og må ta opp ballen der Viken har sparka den. Sjølvsagt så vil ho nok fortsatt bidra i den debatten om dei forandringane som forhåpentlig kjem, men det må andre og heilt andre aktørar på banen i tillegg. Spesielt næringslivet må komme meir på banen, det er tross alt dei som kan skape arbeidsplassane som vi treng for at nokon skal flytte hit.

Men for min del vil likevel det viktigaste være dei politiske beslutningane som vert fatta i åra som kjem. Hvis ein skal fortsette med kunstig åndedrett til utdøyande næringar, satsing på finkultur for dei få, basere politiske vedtak på ultralokale hensyn og aldri verte einige på tvers av kommunegrenser, då kjem vi heller ingen veg.

Berre tida vil vise om vi kjem oss ut av den “stagnasjosntilstanden” vi no befinn oss i. Anne Viken, og forhåpentlig mange andre, vil nok bidra med kritiske røyster til utviklinga i fylket, og eg håpar ikkje dei gjer opp. Over tid vil også dei som no tviheld på det beståande “felle frå”. Kanskje er det første målet for utvikling å redusere gjennomsnittsalderen på fylkestinget til under 50 år?

Entreprenørskap til Folket!

Vi har mange utfordringar som må takast tak i enten vi snakkar om fråflytting, mangel på arbeidsplassar eller fråfall i skule. Utan at desse blir konvertert frå problem til profitt, vil Sogn og Fjordane på sikt få eit møte med ljåmannen. Men ein universalnøkkel til desse vranglåsane, kan være ei styrkande satsing på entreprenørskap i skulen. Gjerne i form av eit sterkare samarbeid mellom skule og bedrift, samt ein styrka satsing på elev-/ungdomsbedrifter. Det vil skape ei positiv effekt på fleire område:

1. Mange som har vore igjennom skule-entreprenørskap, får større trivsel fordi dei får ein moglegheit å trekke linjene mellom bok og verkelegheit.

2. Sjansen for at ein etablerar eller blir ledar i ei innovativ bedrift, er betraktelig større for dei som har drifta ungdomsbedrifter.

3. Om fleire arbeidsplassar og nytenkande løysningar får fotfeste som ei følgje av dette, kan det være ei hyggelig bremse på flyttebilane som durar ut av fylket vårt.

Fleire av oss har kanskje også fått oppleve den smittande entusiasmen av årets kull av elev- og ungdomsbedrifter, der dei stolt kan fortelje om deira unike måte å ta tak i eit problem. Og når dei oppfyllar deira del av så stor sjarm, stil og suksess; må vi som politikarar saman med næringslivet bli enda meir på hogget for å fyre opp i denne framdrifta.

Sjølv opplevde eg gleda av å drive med ungdomsbedrift i skulen, sjølv fekk eg oppleve den enorme entusiasmen av å gjere noko utover bøka. Og som eg sikkert seier så altfor ofte; så finnest det mange eksempel på elevar som har gått frå å være på skulen, til å lære på skulen, fordi dei fekk putta teorien i praksis.

Den raudgrøne satsinga på entreprenørskap viser brilliante resultat som kan målast i engasjert ungdom, resultat og stolte foreldre. Og til tross for at vi i Sogn og Fjordane ligg i Noregs-toppen ved bruk av entreprenørskap i skulen, meinar eg likevel at vi må strekke oss enda lenger.

Vi må komme på offensiven med visjonære tak for å skape morgondagens Sogn og Fjordane! I fylkets AUF, ønskjer vi no å få ein dialog med elevar, lærarar og næringsliv for å få innspel på korleis vi kan verte enda flinkare, både med entreprenørskap i og etter skulen. Eg håpar at også alle politikarane på lokalt plan ønskjer å slenge seg med på dette gullrushet, – for her kan små justeringar hjelpe ungdommar fram i rakettfart!

VGS elevar fylket over, har bevist at dei er klare til å spele næringslivets spel, og da må vi sørgje for å gi dei skikkelige terningar. For entreprenørskap er meir enn bare festtalar og medieoppslag, det framtida for Sogn og Fjordane!

Torbjørn Vereide
Leiar Sogn og Fjordane AUF

KRF og Homofil-aksept

KRF kom for kort tid sidan på bana med sitt utsagn om at dei no hadde blitt eit aksepterande parti i forhold til homofili. Dette utsagnet varma verkelig mitt hjarte, men etter nokre få sekund med fyring, skjønte eg at denne hjartevarminga berre var sløsing av dyr energi: For om ein reknar litt på saken, skjønner ein raskt at KRF ligg i minus på inkluderingstabellen.

- For medan KRF er kjempeflinke til å prate stort om mobbing:
Sitter det ein homofil ungdom, og helde legninga si skjult for vennane fordi han har høyrt at det er unaturlig.

- Medan KRF stolt stemplar inn ord som ”Aksept” og ”Forståing” i planane sine:
Får ein homofil i same månad høyre KRF representantar som fortel at han/ho burde kurerast.

- Medan KRF pratar om verdiar: Høyrar den homofile at han/ho ikkje er like verdifull som alle andre.

Unge homofile ligg i toppen på sjølvmordsstatestikk, og da hjelper det serdeles lite at det finnest eit parti som fortell:
- At han/ho ikkje er laga i bilde av herren
- At han/ho ikkje har evner til å passe barn
- At han/ho burde kurerast

Det KRF sine representantar ikkje heilt har forstått, er at det alltid har eksistert homofile personar, på lik linje med brunetter og folk med frekner. Faktisk, vart det i det gamle Sparta sett på som positivt å vere homofil, for det styrka samhaldet mellom krigarane. Eit samhald KrF kanskje treng 2000 nye år på å etablere.

Men Norske skipet seglar heldigvis i riktig retning for å utvide aksepten til homofili. Dessverre kastar KRF ut anker på anker med sine utsegn. Og det einaste som er mindre inkluderande enn eit moralpoliti, – er eit moralparti som finner seg retten til å snøfte på nasa og grynte ”Unaturlig” til alt og alle.

Dette er eit faktum. Men vi kan ikkje sjå bort ifrå at ein KRF representant kjem på bana for poengtere korleis dette bare gjelder nokre få enkeltmennekjer i partiet. På førehand har eg eit svar til deg:

”Sjølv om KRF ikkje har partifesta allverden med homo-hat, ligger det mange grumsette haldningar blant mange av medlema om akkurat dette. Og grumsette haldingar klarar alltid å boble opp til overflata.”

Til Trude Brosvik

Eg har lyst å rette nokon oppfordringar til deg. Og om du verkeleg er for aksepten du pratar så fint om, vil du i staden for å bort-argumentere deg heller starte arbeidet for eit meir moderne KRF i Sogn og Fjordane. Når desse tiltaka er gjennomførte, skal eg med media komme på husdøra di med blomster for å fortelje kor stolt eg er av deg!

1) Sørg for å få medlemma til å akseptere at det faktisk finnest menneske som likar nokon av same kjønn.
2) Lausriv partiet frå denne heksebrenningspolitikken ifrå middelalderen der fingrar å stygge blikk blir retta imot homofile.
3) Kom på offensiven med ein politikk som verkelig inkluderar alle i vårt samfunn.

- Gleder meg til husbesøk med blomster, kaffe og kaker!
Torbjørn Vereide
Leiar Sogn og Fjordane AUF

Ein prøveklut for høgresida i AP

Forslaget om nedlegging av lokalsjukehusa i Lærdal og på Nordfjordeid er ei hjarterå sentralisering av viktige akuttfunksjonar og fødetilbod. Raudt vil ikkje akseptere at nærleik til akuttilbod og i verste fall liv og helse blir ofra for økonomien sin del.

Raudt vil gje ros til Sogn og Fjordane SP for at dei aktivt har teke til motmæle mot forslaget frå styret i Helse Førde, og det er tragisk at lokalsjukehus-tilhengjararne ikkje vann fram på AP-årsmøtet. Kva tid kjem SV på bana i denne saka?

Det er heilt klart at høgresida i AP no utnyttar litt uklare formuleringar i Soria Moria til å sentralisere helsetilbodet i fylket. Dersom sentralistane vinn fram her, vil dei andre lokalsjukehusa i landet også vere i fare.

Raudt oppmodar fagforeiningane både i offentleg sektor og i privat næringsliv til å vedta fråsegner og sende desse til Helse Førde, fylkestinget, Stortinget og Regjeringa.

Dersom vi får til eit slikt press, må sentralistane vike for fornuft. Dei som kjempa for sjukehusa i Høyanger og Florø leid nederlag, men konsekvensane vil bli verre dersom Lærdal og Nordfjordeid blir nedlagde fordi desse delane av fylket vil få lenger veg til akuttilbodet.

Denne kampen skal folk i Sogn og Fjordane vinne!

Raudt Sogn og Fjordane

Bruk reservasjonsretten mot datalagringsdirektivet!

EU sitt datalagringsdirektiv bryt med eit viktig grunnprinsipp i rettsstaten om at ein ikkje skal bli overvaka utan rimeleg grunn til mistanke. Direktivet grip direkte inn i kvardagen til folk ved at det blir lovpålagt å registrere all bruk av telefon, e-post og SMS i minst 6 månader.

Dei nye EU-reglane er eit alvorleg angrep på personvernet. Direktivet pålegg teleselskap og internettleverandørar å lagre informasjon om kven som ringjer, surfar på nettet, sender SMS eller e-post og kven som er mottakar, tidspunkt og kvar det blir ringt eller sendt frå. Det inneber at Telenor, NetCom og andre operatørar blir pålagt å ta vare på alle slike opplysningar i 6 – 24 månader.

Datatilsynet i Noreg kjem med sterke åtvaringar mot direktivet og fryktar at det vil bli oppretta hundrevis av små ”politiregister” hos internettleverandørar og teleselskap. Faren er stor for misbruk av opplysningar, og slik datalagring hos private firma inneber risiko for at opplysningar kan kome i urette hender. I juli 2002 vart det t.d. stole 60 000 personnummer frå Tele 2.

EU sitt datalagringsdirektiv er ein del av den indre marknaden og dermed EØS-relevant. Det har EF-domstolen slått fast. Det inneber at Noreg må bruke reservasjonsretten i EØS-avtalen for å unngå det omstridde direktivet.

I Soria Moria 2 deler dei raudgrøne seg i denne saka. AP vil gjere direktivet til norsk lov dersom dette ikkje fører til negative konsekvensar for personvernet, medan SV og SP vil bruke reservasjonsretten av omsyn til personvernet.

Motstanden mot direktivet er aukande, og både FrP, V og KrF vil bruke reservasjonsretten. Oslo Høgre har på årsmøtet sitt ,med stort fleirtal, gått inn for det same. Motstanden veks også innad i AP, og Trondheim AP krev på sitt årsmøte at regjeringa seier nei til direktivet med grunngjeving at ”sikring av elektroniske beviser forbeholdes personer under etterforskning, ikke uskyldige sivile.”

Sogn og Fjordane Nei til EU registrerer med glede den aukande motstanden og oppmodar folk om å skrive seg på underskriftslista til kampanjen ”Stopp datalagringsdirektivet”. Vi vil ikkje ha eit slikt overvakingssamfunn som datalagringsdirektivet legg opp til og krev at Stortinget tek i bruk den reservasjonsretten som ligg i EØS-avtala.

Sogn og Fjordane Nei til EU
Ingunn Kandal styremedlem