Viser arkivet for februar, 2010

Framleis berre 85 % løn?

Raudt Høyanger meiner at lønsdiskrimineringa av kvinner nesten i seg sjølv er god nok grunn til å markere 8. mars. Kvinneløna ligg framleis 15 % under løna for menn. Partiet er misfornøgd med at korkje likelønsløftet eller likelønspotten ser ut til å kome i år.
Vi protesterer mot at privatkapitalistar skaffar seg ekstra-profitt ved å halde kvinnene nede. Det skjer i private bedrifter. Raudt vil også auke offentleg tilsette kvinner si løn pga. av likestilling mellom kjønna, men også fordi kvinnene i offentleg sektor, f. eks. pleiarar, ofte har ein mykje tyngre jobb enn betre betalte menn. Klart det vil koste å heve kvinneløna i kommune, fylke og stat. Derfor må dei med eigarinntekter og dei verkeleg høgtløna skattleggjast hardare. Men desverre er dei raudgrøne (inkl. SV?) like mykje mot dette som dei blågule og tvingar derfor seg sjølv til å halde kvinneløna nede. Presset mot denne høgrepolitikken må derfor forsterkast.
Styremaktene motarbeider ikkje berre likeløns-prinsippet. Også kvinnene sin fagforeiningskamp blir motarbeidd sterkare enn menn sin kamp. Sjukepleiarane i private sjukeheimar (mest kvinner) hadde ein lovleg streik for same arbeids-, løns- og pensjonsvilkår som sjukepleiarar elles. Regjeringa stoppa streiken med tvungen lønsnemnd og streiken gav derfor ikkje det resultatet som sjukepleiarane (mest kvinner) ønska seg . På den andre sida tolererte regjeringa ein ulovleg manneaksjonen i eit års tid. Politifolk (mest menn) gjennomførte i 2008-09 ein tariffstridig overtidsaksjon som førte til ei ny overtidsavtale som er vesentleg betre enn den gamle.
No i 2010 er det 100 år sia det første framlegget om ein fast internasjonal kvinnedag kom. Forslaget kom frå Clara Zetkin, tysk sosialdemokrat som seinare gjekk over til kommunistane, på den andre internasjonale kvinnekongressen i 1910. Det var likevel først i 1922 at 8. mars blei valt til fast dato for kvinnedagen. I Høyanger blei dagen markert for første gong i 1933 – Høyanger husmorlag arrangerte då eit møte med 200 til stades. Mykje har positivt har skjedd sia den gong, men er det nokon sakleg grunnlag til at kvinner framleis skal ha berre 85 % løn?
Raudt Høyanger
Einar Rysjedal
leiar

Vil dei raudgrøne sentralt svikte lokalsjukehusa?

Raudt Sogn og Fjordane meiner at staten må sikre økonomi til å oppretthalde både lokalsjukehusa med sine noverande funksjonar og sjukehuset i Førde. Stortinget må gje tilleggsløyving. Raudt vil ha eit rekneskapssystem som elles i offentleg forvalting – det ville ha fjerna eit økonomisk underskot som verkar konstruert for å presse både tilsette og heile institusjonar.

Det er merkeleg å sjå korleis enkelte politikarar, ikkje minst raudgrøne, oppfører seg. På den eine sida: Ordførarane i lokalsjukehus-kommunane går stillare i dørene. Ap-ordføraren i Lærdal ville leggje ned fødetilbodet der og ha samarbeid med styret i Helse Førde (staten sin bøddel her i fylket). Det er mindre å høyre frå Ap-ordføraren i Eid, Sonja Edvardsen. Er det gjeve ordre frå sentralt raudgrønt hald?

På den andre sida, i kamp for sjukehusa, finn vi merkeleg nok også AP-representanten Ingrid Heggø. ”Merkeleg nok” fordi Heggø faktisk representerer det stortingsfleirtalet som ikkje har vedteke høge nok løyvingar til oppretthalding av sjukehusa med funksjonane dei i dag har.

Frå sentralt raudgrønt partihald blir det no, heilt uoffisielt, lagt opp til at lokalsjukehusa i Eid og Lærdal skal omstrukturerast til nedgraderte samhandlingsinstitusjonar. Det burde Heggø seie ope ut i, staden for å spørje etter konsekvensutgreiing på kva hennar eiga regjering, tvingar Helse Førde til å gjere. Men ho skal vel ha ein periode til på Stortinget, og då løner det seg med list.

Årdal AP representerer det positive unntaket når dei i ei uttale frå årsmøtet krev at sjukehusreforma blir evaluert. I tillegg står dei fast på kravet om behalde eit desentralisert sjukehustilbod med akuttberedskap og fødetilbod ved Lærdal sjukehus. Raudt meiner dette er viktige krav og burde vere alle raudgrøne politikarar sin politikk- også regjeringa sin.

Fylkesårsmøtet i Raudt Sogn og Fjordane

Det greske arbeidande folket treng støtte!

Arbeidsfolk i alle EU-land må no gjere opprør mot eigne statar si logring med pengemakta og stormaktene sitt system. Fleire og fleire innser at dette ikkje er eit system som tener fleirtalet. Hellas er eit godt eksempel.
Hellas skuldar verda rundt 1.800 milliardar kroner. I farten hugsar vi berre ein stat med høgare gjeld (USA). Medan USA får lov til å auke gjelda si gjennom angrepskrigar rundt om i verda, driv den greske regjeringa no krig mot sitt eige folk.
Regjeringa legg nemleg opp til reduserte offentlege gode, høgare pensjonsalder, frysing av offentlege løner (i alle fall lønene til dei som har lite frå før) og offentleg tilsetjingsstopp. Dette vil auke arbeidsløysa, som med sine 11 % allereie no er uakseptabel.
Dersom Hellas hadde vore utafor EU sin pengeunion (”den økonomiske og monetære union”), hadde landet hatt eigen valuta (drakme). Hellas kunne ha devaluert valutaen sin og skapt balanse i eigen økonomi med å overføre noko av den innanlandske krisa til land med betre økonomi. Slik opererte mange land før (også Norge), og det var likevel ingen påviselege skadar av den grunn på verdsøkonomien samla sett.
EU-systemet hindrar no Hellas i å rette opp eigen økonomi på denne måten. No skal økonomien rettast opp med å velte ein endå større del av den økonomiske krisa over på arbeidsfolk. Hellas har blitt ein delstat i EU. Samfunnsøkonomen Rune Skarstein seier til avisa Dag og Tid at ein amerikansk delstat kunne klart seg betre enn Hellas fordi den kunne fått statlege overføringar som EU-systemet ikkje er i stand til.
Skulle slike overføringar bli mogleg i EU, måtte EU si felleskasse mangedoblast. Dei store kapitalistane i dei rike EU-landa og høgreorienterte veljarar, ville gått mot dette. Då bøyer sosialdemokratane av og det blir same konsensus som her i landet om at skattane ikkje skal aukast. Hellas blir som EU-medlem difor tvinga til nedskjeringar – nedskjeringar som er endå verre enn dei her i landet. Takk og pris for at Norge ikkje er EU-medlem!

Raudt Høyanger
Einar Rysjedal
leiar

Høyanger AP sviktar tariffavtale-krav

Raudt Høyanger vil at arbeidsfolk skal behandlast og betalast godt. Partiet vil at arbeidsfolk i alle verksemder skal vere fagorganiserte og ha tariffavtale. Tariffavtalar bremsar eigarar/verksemder si ekstra-utbyting av tilsette. Det er nedslåande at Høyanger AP ikkje vil bruke kommunen si innkjøpar-makt til å krevje tariffavtale hjå leverandørar.
I 2008 og 2009 leigde Høyanger kommune seg litauiske sjukepleiarar til ferieavløysing. Det skjedde gjennom utleigefirmaet Orange Helse. Der var ingen tariffavtale, og Raudt meinte at dette var sosial dumping. Raudt fekk saka opp i kommunen sitt kontrollutval, men utvalet fann seg ikkje støtte for at dette var sosial dumping.
Kontrollutvalet gjorde likevel eit positiv vedtak. Dei oppmoda kommunen til å vedta eit innkjøpsreglement som inneheld krav til leverandørane om tariffavtalar. Dette likte Raudt og ba om at saka kom opp i kommunestyret.
Tysdag 16. feb. kom saka opp i kommunestyret. Administrasjonen hadde ei sjølvmotseiande saksutgreiing. Adm. skreiv at det ser ut til at leverandørar har orden i forhold sine tilsette. På andre sida hevda adm. at den ikkje har tid til å sjekke om leverandørar har tariffavtale! Dette er nesten komisk! Det er jo lettare å sjekke om leverandørar har tariffavtale enn om dei har ”orden” i forhold til sine tilsette.
Raudt meinte at kommunen skulle bruke innkjøpar-makta si til å krevje tariffavtale. Partiet sine to representantar fekk støtte frå SVs Astrid Henden Refsdahl som også er leiar i LO Ytre Sogn. Også KrF-representanten Signy Nyland ville revidere innkjøpsreglementet. Høyanger AP uttala seg i allmenne ordelag for tariffavtalar, men ville ikkje ta det inn i innkjøpsreglementet. Dei borgarlege trengde såleis ikkje seie noko som helst – dei kunne berre følgje med i AP-straumen.
Denne saka må haldast varm. Raudt håpar at Høyanger AP kjem på betre tankar og røystar raudt/rett neste gong saka kjem opp. Eller skal bedriftseigar-interessene vege tyngst for AP også i framtida?
Raudt Høyanger
Einar Rysjedal
leiar

SOGN OG FJORDANE HØGRE: Valnemnda sin innstilling opp mot fylkesårsmøtet 13/14 mars 2010

Sjå nettsak hos Sogn og Fjordane Høgre

Sogn og Fjordane Høgre skal ha fylkesårsmøte laurdag 13. og sundag 14. mars
på Fretheim Hotel i Flåm, Aurland kommune. Her er valnemnda sin innstilling:

Verv) (Namn)
Fylkesleiar Bjørn Lødemel, Hornindal (attval, bildet under)

Kvinnepolitisk fylkeskontakt Olin Johanne Henden, Gloppen (attval)
Fylkesstyremedlem Claus Kvamme, Sogndal (attval)
Fylkesstyremedlem Sissel Loen, Stryn (attval)
Fylkesstyremedlem Hallgeir J. Helland, Flora (attval)

1. varamedlem til fylkesstyret Einar Inge Målsnes, Balestrand (attval)
2. varamedlem til fylkesstyret Brita Tønjum Einemo, Lærdal (attval, opprykk)
3. varamedlem til fylkesstyret Sven Flo, Stryn (attval)
4. varamedlem til fylkesstyret Stian Strømsøy Holm, Bremanger (attval, opprykk)
5. varamedlem til fylkesstyret Frida Melvær, Askvoll (ny)
6. varamedlem til fylkesstyret Hanne Husebø Kristensen, Flora (ny)
7. varamedlem til fylkesstyret Ole Gunnar Krakhellen, Solund (attval, endra rekkefølgeplass)

2 revisorar Bjarte Isak Husevåg, Førde (attval) og Oddveig Birkeland, Førde (attval)

Fem utsendingar til landsmøtet
01. Eva Marie Halvorsen, 2. fylkesnestleiar/varaordførar, Førde
02. Fredrik Helland, 1. nestleiar Sogn og Fj. Unge Høgre, Flora
03. Edit Aarebrot Madsen, fylkesgruppenestleiar, Flora
04. Morten Midlang, kommunestyrerepresentant, Vik i Sogn
05. Torill Irene Olesrud Fjørtoft, fylkesstyremedlem, Eid

Fem varautsendingar til landsmøtet
a) Arve H. Mjømen, 1. fylkesnestleiar/lokallagsleiar, Gulen
b) Stine Sandvik, 2. nestleiar Sogn og Fjordane Unge Høgre, Luster
c) Ole Gunnar Krakhellen, FT-repr./vara til fylkesstyret, Solund
d) Sven Flo, kommunestyremedlem/varamedl. til fylkesstyret, Stryn
e) Bengt Solheim-Olsen, lokallagsleiar/hovudutvalsleiar, Flora

Desse vert utsendingar uansett til Landsmøtet i kraft av verv – 7 – 9 mai, Oslo:
*Fylkesleiar/sentralstyremedlem/Stortingsrepr.
Bjørn Lødemel, Hornindal (dersom attval fylk.l.)
*Kvinnepolitisk fylkesrepresentant
Olin Johanne Henden, Gloppen (dersom attval)
*Fylkesgruppeleiar Mathias Råheim, Gaular

Desse personane er ikkje på val
*1. fylkesnestleiar Arve H. Mjømen, Gulen
*2. fylkesnestleiar Eva Marie Halvorsen, Førde
*Fylkesstyremedlem: Toril I. O. Fjørtoft, Eid
*Fylkesgruppeleiar Mathias Råheim, Gaular
*Sogn og Fjordane Unge Høgre sin fylkesleiar,
Jacob Nødseth, Flora (fylk.årsmøte UH apr. 2010)

Medlemmene av valnemnda har vore:
Oddvin Magne Hansen/Eid (leiar), Marita Solheim/Fjaler (nestleiar), Fredrik Helland (Sogn og Fjordane Unge Høgre), Karl-Eric Melander/Førde, Bengt Solheim-Olsen/Flora, Marit Pettersen/Vik og Aud Kristin Løvlid/Stryn.