Viser arkivet for august, 2009

Stopp monsterlinja, SV!

Raudt vil ha energiøkonomisering i staden for ei auka kraftutbygging – det gjev billegare kraft og det sparar miljøet og naturlandskapet vårt. Vi vil ta vare på dei siste frittrennande elvane våre og fryktar at monsterlinja også vil føre til press for omkamp mot også dei verna vassdraga. Vi vil at det særmerkte og verdfulle kystlandskapet vårt ikkje skal sårast med kraft-industrielle inngrep.
Raudt vil arbeide for sikring av arbeidsplassane i aluminiumsindustrien i Høyanger og Årdal. Vi vil sikre levebrødet til dei som arbeider der og folketalet i desse lokalsamfunna gjennom utviding av produksjonen. Ei slik utviding gjennom bruk av vasskrafta til elektrisitetsproduksjonen, sparar verda for 1 mill. tonn CO2 samanlikna med elektrisitet frå gasskraft. Vi vil også minne om at for Elkem Bremanger vil linja innebere 10 mill. kr i ekstra-utgifter (Teknisk Ukeblad)
Desse er Raudt sine grunnar for å gå mot bygging av krafteksportlinja og seie ”Stopp monsterlinja!”
SV innser at dette er ei ”transportlinje for elektrisitet UT av fylket”, men går likevel dessverre ikkje mot bygging av linja. Partiet avgrensar seg til å krevje ”Legg monsteret i sjøen!” (1.- og 2.-kandidaten sitt lesarinnlegg i lokalavisene). Kvifor?
SV bryr seg såleis ikkje om at linja truleg vil leggje press på auka utbygging av vasskraft – noko dei fleste av oss trudde SV var mot eller i det minste skeptisk til. Det ser derimot(?) ut til at SV ikkje har store reservasjonar mot utbygging av vindkraft som etter alt å døme både vil skjemme/øydeleggje kystlandskap/rekreasjonsområde. Vindkrafta vil dessutan auke straumprisane. Og som klimatiltak er vindkrafta i beste fall eit musepiss i havet, hevdar Naturvernforbundet med rette.
Både leiaren i Høyanger Kjemisk Industriarbeidarforeining, Billy Fredagsvik, og leiaren i LO-forbundet Industri Energi, Leif Sande, har gått ut mot krafteksport-linja. Det same har LO Ytre Sogn. Deira argumentasjon er frykta for tapet av arbeidsplassane i den kraftkrevjande industrien i fylket. Burde ikkje ein slik argumentasjon vege tyngre for SV? Og det er vel i så fall eit argument, ikkje for sjøkabel, men mot sjølve krafteksporten. Eller kva, SV?
Raudt Høyanger
Einar Rysjedal, leiar

God distriktspolitikk gjev resultat

Folketalet i Sogn og Fjordane har i første halvår 2009 hatt ei gledeleg auke med 337 personar. Det forsterkar ei utvikling vi har sett dei siste åra.

Medan vi i åra 2003 – 2006 hadde ein reduksjon av folktalet på over tusen personar i fylket, har vi etter 2006 fått ei auke på sekshundre personar. Dette er viktig for eit fylket med berre litt over hundre tusen innbyggjarar.

Tala syner at ei satsing på å ta heile landet i bruk, uavhengig av gode eller dårlege tider, gjev arbeidsplassar og framtidstru i eit fylke som Sogn og Fjordane. Dette syner og at det motsette skjer dersom dei som styrer ikkje har ei bevisst haldning til dette.

Det er såleis ikkje likegyldig kven som sit i regjeringskontora. Det må vere parti som er opptekne av å ta heile landet i bruk. Det gjev vekst og livskraft i grender og bygdebyar, og det reduserer pressutfordringane i storbyane.

Dette er Senterpartiet sitt viktigaste varemerke, og det blir følgt opp når vi sit i regjering.

Dette er utviklinga i fylket: 2003 -28, 2004 -213, 2005 -382, 2006 -456, 2007 +65, 2008 +198, 1. halvår 2009 +327 personar. (Kilde SSB)

Alle arbeidsplassar i heile landet er like viktige

Senterpartiet er opptekne av eit variert og rikt næringsliv i heile landet, og ynskjer å leggje til rette for dette gjennom sin politikk. Det ser ikkje ut til at NHO er av same meining.

NHO har gått gjennom alle partia sine program og gjeve karakter for kor næringsvennlege dei meiner partia er. Totalt 40 utvalde politikkpunkt er gjennomgått. Senterpartiet har av NHO fått negativ karakter for følgjande 9 politikkpunkt, der Senterpartiet vil:

• at ein større del av oljeformuen bør investerast i grunnleggjande infrastruktur i Norge
• ha eit aktivt statleg eigarskap i Statoil/Hydro
• at kommunesamanslåing berre skal skje friviljug
• styrke fylkeskommunen og overføre oppgåver frå fylkesmannen
• ikkje opne for petroleumsverksemd utafor Lofoten og Vesterålen og på Møreblokkene
• arbeide aktivt mot EU-medlemskap
• erstatte EØS-avtalen med bilatereale handelsavtaler
• oppretthalde importvernet på jordbruksvarer
• evaluere WTO før nye avtaler blir inkludert i forhandlingene

For Senterpartiet er utbygging av infrastruktur som samferdsel og breiband avgjerande for eit livskraftig næringsliv i heile landet. Likeins meiner vi at arbeidsplassane i primærnæringane landbruk og fiske er like verdfulle arbeidsplassar som andre.

Selskap som Statoil/Hydro og Statkraft er bygd opp gjennom disponering av store nasjonale verdiar. Senterpartiet vil sikre at denne verdiskapinga kjem folk flest til gode og ikkje berre nokre få bedriftseigarar.

NHO sin trusel om norsk arbeidsløyse er kjent frå forrige EU-kamp. Realiteten er at arbeidsløysa i Noreg berre har vore ein brøkdel av EU si arbeidsløyse dei siste 20 åra.

At det offentlege tar ansvar for grunleggjande velferdstilbod som skule og omsorg er viktig for å sikre gode lokalsamfunn i heile landet. Fylkeskommunen og kommunane har ei heilt sentral posisjon her. I tillegg spelar dei ei viktig rolle i lokal tilrettelegging for næringsliv og infrastruktur. Slike tilbod er i mange tilfelle avgjerande for etablering av private arbeidsplassar.

Helse og pasientar framfor pengar!

Raudt vil oppretthalde lokalsjukehusa både i Lærdal og på Nordfjordeid og samtidig unngå nedskjeringar på sjukehuset i Førde. Vi vil at sjukehusa skal styrast demokratisk slik andre offentlege tenestetilbod. Raudt vil derfor avvikle den ”helsereforma” som Stoltenberg I-regjeringa fekk gjennom i Stortinget. Dei siste meldingane frå Helse Førde er gode argument for dette:

Avisa Firda melde måndag 18.8. at Helse Førde går mot eit økonomisk underskot på 95 millionar kr. Dette går fram av Helse Førde-adm. sin rapport til styremøtet komande fredag. Sogn Avis melde 19.8. at dei politiske partia i Lærdal åtvarar helseføretaket mot la dei sjukaste få svi.

Med andre ord: Alt er som før – helseføretaka spreier desinformasjon, og miljøa rundt sjukehusa tek ansvar.

Desinformasjonen skuldast sjølvsagt at helseføretaka sine budsjett/rekneskap er eit forretningsbasert rekneskapssystem. Dette er eit heilt anna system enn elles i offentleg sektor – for t.d. barnehagar, skular og sjukeheimar. Helseføretaka sine rekneskapssystem er i prinsippet same systemet som næringslivet har for bedrifter som skal skaffe seg best mogleg økonomisk resultat. Hadde helseføretaka hatt same rekneskapssystem som andre offentlege institusjonar/tenester, hadde dei kanskje gått med økonomisk overskot. Dermed hadde presset mot tilbod og tilsette blitt dempa.

Når helseføretaka sine administrasjonar og styre snakkar og skriv om økonomiske underskot, skapar det press for nedlegging av tilbod og/eller reduksjonar i arbeidsstokken. Dette presset er eit direkte resultat av den omorganisering av sjukehusa som Stoltenberg I-regjeringa på rekordtid fekk i gjennom på Stortinget, med støtte frå H og FrP.

Etter press frå fagrørsla, har Stoltenberg vore nøydd til å leggje om kursen litt på nokre område der dei tidlegare skilde seg lite frå dei borgarlege. Kva tid skal AP og Stoltenberg innsjå at sjukehus”reforma” var eit steg bort frå pasientbehov og over til ”pengegaloppen”? Kva tid skal dei ta signala frå Fagforbundet og LO-kongressen på dette området alvorleg?

Og kvifor lyttar ikkje Stoltenberg til SP og SV? Er deira signal for svake? Er det slik også her at Stortinget treng eit parti til venstre for Soria Moria-kameratane?

Ingunn Kandal
2. kandidat Raudt Sogn og Fjordane

SV - frå antikrigsparti til ...?

Den sterkaste av forløparane til Sosialistisk Venstreparti var Sosialistisk Folkeparti (SF). Bakgrunnen for danninga av SF var i stor grad AP-medlemar si misnøye med AP sin utanrikspolitikk og den kritikklause støtta til NATO og USA. Det var ei av dei viktigaste årsakene til at landet heldigvis fekk SF i 1961 – eit parti som fekk inn to representantar på Stortinget same året.

No, snart 50 år etterpå, har SV sete fire år i regjering med AP og SP som båe er både NATO- og USA-venlege. SV, det ekte(?)fødde barnet av SF, har no vore del av ei regjering og eit stortingsfleirtal som har sendt norske soldatar til Afghanistan under USA sin kommando.

Norsk krigsdeltaking i Afghanistan er ikkje noko fredsoppdrag. Det er klart at norske soldatar skal ut i offensive militære oppdrag saman med afghanske regjeringsstyrkar. Det er slik USA vil ha det og då vert det slik – i alle fall når AP styrer regjeringa utan avgjerande protestar frå SV.

SV seier partiet går til val på å avvikle det militære engasjementet. Det er fint at partiet går til val på det, men AP-dominansen (med SP på slep?) i regjeringa har allereie forlenga norsk krigsinnsats i alle fall til okt. 2010.
Dei som framleis har tillit til SV som antikrigs-parti bør spørje seg kva protestar SV har hatt i Stortinget mot denne forlenginga.

Korkje Raudt eller SV kan få norske styrkar ut av Afghanistan. Men Raudt kan, tydelegvis i motsetning til SV, bruke Stortinget sin talarstol til å argumentere mot den norske krigsdeltakinga. At nokon i Stortinget snakkar mot USA si krigføring og norsk deltaking er verdt ei Raudt-stemme berre det.

Einar Rysjedal
listekandidat, Raudt Sogn og Fjordane

M/S Valfisk

Følg meg og valkampbåten M/S Valfisk på http://msvalfisk.wordpress.com/

Nye oppdateringar kvar dag frå rundturen i fylket.

Gunvald

Andrea Rice

Er det nokon som veit om Andrea Rice skal spela fleire konsertar i området? Fekk ikkje med meg verken Luster eller Lærdal, og skulle gjerne ha vore på ein konsert med henne. Nydeleg musikk for dei som likar god irsk tradisjonsmusikk.

Knut P.