Leijlighet ønsker leid i Øvre ÅrdalHei. Eg er 22 år kvinne, nykommen til årdal med min kjærester. Vi ønsker en leilighet i Øvre Årdal. Kjæresten min jobber i Årdal og eg studerer og søker nu deltidsjobb der. Vi er rolig og ansvarlig. Min e-post er mvo1@hi.is. Mvh Maria Fødeavdelinga ved Lærdal sjukehusDet er i oktober meldt om ein fødsel ved Lærdal sjukehus. Ein treng mest 5 personar for å oppretthalde ein vaktturnus med ein person på vakt. Det må minimum vere ei jordmor og ein barnepleiar/hjelpepleiar på vakt. 5 årsverk til ein kostnad på omlag 400 000 i snitt. 2 mill kroner per fødsel berre i lønnskostnader. Ja vi har dermed ikkje berre svært dyrebare born som elles i landet, men også svært kostnadskrevjande born Nsuk Jubileumsfeiring 7. november i Nortun Ungdomshus
Feiringi var ei oppleving me seint kjem til å gløyme. Storkorps med fengande musikk for fullt hus i Nortun…
Ny sone, Sex og samliv!Her kommer en nyopprettet sone for alle her på Origo, fustrerte fruer og fustrerte menn, alt unner en kam. Sonen er halvlukket nå, men endres hvis ønskelig(0; HÅPER PÅ MANGEN GLADE MEDLEMMER MED GODE INNLEGG! Når det maktpolitiske "lauget" vil knekke ein folkeaksjonSiste veka har vi sett eit tarveleg politisk spel for å ta frå folkeaksjonen ”Forsvar Lærdal sjukehus”, og kanskje spesielt Bente Øien Hauge, all rasjonalitet og politisk legitimitet. Dette blir kombinert med skuldingar om at dei representerer eit trugsmål mot demokratiet. Tidlegare statssekretær i Barne- og likestillingsdep., Tord Dale (AP), skuldar aksjonistane (les: Bente Øien Hauge) for å basere forsvaret for lokalsjukehuset på kjensler. Dei er med andre ord irrasjonelle og tek ikkje omsyn til fakta. Dale held så kjeft, men blir, som bestilt, etterfølgd av styremedlem i Helse Førde, Harry Mowatt (også AP), som underbyggjer og nærast fører bevis for aksjonistane sin irrasjonalitet. Det toppar seg etter det ”lukka møtet” mellom aksjonistane og stortingsbenken. Så kjem heile det maktpolitiske ”lauget” på bana, til og med sindige Jorunn Ringstad (SP) og ikkje minst styreleiar Clara Øberg (AP). Endeleg kan dei slå inn den siste ”spikaren”. Sjølvaste professor Årebrot (også AP) blir henta inn for å gje tyngde til at no set ikkje berre aksjonistane demokratiet på spel – dei eig heller ikkje moralsk og etisk gangsyn. Og ikkje minst, korleis skal det gå når stortingsbenken tillet seg å høyre på aksjonistane? Og Jorunn Kirketeig (AP) ropar over seg og skriv brev til eige fylkesparti, krev disiplin i rekkjene og skulder Ingrid Heggø (AP) for løftebrot. Det kulminerer med at Tor Bremer (AP), ikkje uventa, tek avstand frå Heggø og uttalar at han aldri vil instruere Helse Førde eller be om konsekvensutgreiing av Helse Førde-vedtak. Veljarane bør merke seg at dei har valt ein politikar som ikkje vil drive med politikk – i alle fall ikkje helsepolitikk. Bremer sin bodskap til styret er at dei berre kan ture fram med sine økonomisk motiverte funksjons-/strukturendringar. Elles er det berre Bjørn Lødemel (H) som seier at han vil la såkalla fagfolk styre helsepolitikken vår. Dei som no står fram er, med få unnatak, medlemmar av AP – eit parti som har sitt opphav i folkeleg motstand mot nettopp undertrykkande maktpolitikk. Når no aksjonistane i Lærdal og i Nordfjord slåst i beste demokratiske ånd for bevaring av sjukehusa, blir dei konsekvent omtala som ufornuftige/irrasjonelle som ikkje tek omsyn til fakta og no også er ein fare for demokratiet. AP blei også i si tid omtala i same ordelag av den tida sine maktpolitikarar. No har AP makt og har diverre blitt del av det maktpolitiske ”lauget”. Det tener dei ikkje til ære. Aksjonistane i Lærdal, Nordfjord og Førde er nødvendige og viktige i eit levande demokrati. Dei slåst for sentrale verdiar og treng ikkje ”vaksenopplæring” frå maktpolitikarar. Fylket vårt treng fleire som Bente Øien Hauge, Erik Solheim og Geir Oldeide og fleire ”Thingnesingar” frå Vevring. Det står om viktige verdival. Og som det er sagt: den som berre verdset pris, set liten pris på verdiar. Raudt Sogn og Fjordane Raudt Førde Annonse | |||||||||||