Boknatti og tre bokdagar til endes
Opplev litteratur og natur i Fjærland! Boknatti er laurdag 20. juni, og i dagane føre og etter skal me ut i naturen, inn i bøker og tett innpå forfattarar: Kva er forfattarar opptekne av?
Boknatti er den lysaste laurdagsnatti i året. Me har utvida ei av dei viktigaste litteraturhendingane i landsdelen til å bli eit mylder av forfattarar, bøker og naturopplevingar i Fjærland, den villvakre brebygdi ved Sognefjorden. Fredag til sundag kjem eit stort tal forfattarar for å prata om seg sjølve og interessene sine – og om bøkene dei skriv. Me tek deg med ut på botanikk- og lokalhistoriske turar i nærområdet. Og bokbyen ligg der – stappande full av bruktbøker i hopetal, og innanfor alle kategoriar. Den velkjende bokmarknaden på ferjekaien i Mundal laurdags natti vil gå om lag som før. Ei sumarnatt ved fjorden, mellom tusenvis av bøker? Ja takk!
Programmet kan de no finna her:
http://bokbyen.no/dokument/boknattprogram-09.pdf
Bokbyen har fått tak i særs gode deltakarar i år. Får me nemna Brecht-viser med kabaretsongar Tora Augestad og musikalsk flogvit Stian Carstensen, intervju og platesnurring med Ragnar Hovland, eller eit skrivetalent frå Sogn og Fjordane, Sigrid Ø. Helgheim? Eller kva med å høyra Agnes Ravatn utdjupa kva som ligg bak dei særprega artiklane og bøkene hennar? Erlend Nødtvedt med kraftfulle poetiske utbrot? Einar Økland om alt det artige og merkelege det går an å samla på, og om reklameteiknaren Harald Damsleth? Olav Orheim presenterer boki Norske breer, me går på lokalhistoriske og botaniske turar, og endå er det mangt anna Og sjølvsagt kan du ikkje unnvera folke- og bokmylderet på sjølvaste bokmarknaden på ferjekaien, laurdag 20. juni.
Som tidlegare er det lurt å tinga overnatting – sjå http://fjaerland.org/ for overnattingsalternativ.
Om du har bøker du vil bli kvitt, er det lurt å ta kontakt med oss. 250 kroner i leige for standplass, telt, bord og stol er for ingenting å rekna, når me veit at ferjekaien vil vera fylt av eit bokinteressert publikum. Velkomne!

