Entreprenørskap til Folket!
Vi har mange utfordringar som må takast tak i enten vi snakkar om fråflytting, mangel på arbeidsplassar eller fråfall i skule. Utan at desse blir konvertert frå problem til profitt, vil Sogn og Fjordane på sikt få eit møte med ljåmannen. Men ein universalnøkkel til desse vranglåsane, kan være ei styrkande satsing på entreprenørskap i skulen. Gjerne i form av eit sterkare samarbeid mellom skule og bedrift, samt ein styrka satsing på elev-/ungdomsbedrifter. Det vil skape ei positiv effekt på fleire område: 1. Mange som har vore igjennom skule-entreprenørskap, får større trivsel fordi dei får ein moglegheit å trekke linjene mellom bok og verkelegheit. 2. Sjansen for at ein etablerar eller blir ledar i ei innovativ bedrift, er betraktelig større for dei som har drifta ungdomsbedrifter. 3. Om fleire arbeidsplassar og nytenkande løysningar får fotfeste som ei følgje av dette, kan det være ei hyggelig bremse på flyttebilane som durar ut av fylket vårt. Fleire av oss har kanskje også fått oppleve den smittande entusiasmen av årets kull av elev- og ungdomsbedrifter, der dei stolt kan fortelje om deira unike måte å ta tak i eit problem. Og når dei oppfyllar deira del av så stor sjarm, stil og suksess; må vi som politikarar saman med næringslivet bli enda meir på hogget for å fyre opp i denne framdrifta. Sjølv opplevde eg gleda av å drive med ungdomsbedrift i skulen, sjølv fekk eg oppleve den enorme entusiasmen av å gjere noko utover bøka. Og som eg sikkert seier så altfor ofte; så finnest det mange eksempel på elevar som har gått frå å være på skulen, til å lære på skulen, fordi dei fekk putta teorien i praksis. Den raudgrøne satsinga på entreprenørskap viser brilliante resultat som kan målast i engasjert ungdom, resultat og stolte foreldre. Og til tross for at vi i Sogn og Fjordane ligg i Noregs-toppen ved bruk av entreprenørskap i skulen, meinar eg likevel at vi må strekke oss enda lenger. Vi må komme på offensiven med visjonære tak for å skape morgondagens Sogn og Fjordane! I fylkets AUF, ønskjer vi no å få ein dialog med elevar, lærarar og næringsliv for å få innspel på korleis vi kan verte enda flinkare, både med entreprenørskap i og etter skulen. Eg håpar at også alle politikarane på lokalt plan ønskjer å slenge seg med på dette gullrushet, – for her kan små justeringar hjelpe ungdommar fram i rakettfart! VGS elevar fylket over, har bevist at dei er klare til å spele næringslivets spel, og da må vi sørgje for å gi dei skikkelige terningar. For entreprenørskap er meir enn bare festtalar og medieoppslag, det framtida for Sogn og Fjordane! Torbjørn Vereide Sognatreff
Følgt av 1381 medlemmar.
Sona for sogningar og andre som liker seg i Sogn. Meir om sona Sognatreff er ei sone på Origo. Les meir | ||