Alle arbeidsplassar i heile landet er like viktigeSenterpartiet er opptekne av eit variert og rikt næringsliv i heile landet, og ynskjer å leggje til rette for dette gjennom sin politikk. Det ser ikkje ut til at NHO er av same meining. NHO har gått gjennom alle partia sine program og gjeve karakter for kor næringsvennlege dei meiner partia er. Totalt 40 utvalde politikkpunkt er gjennomgått. Senterpartiet har av NHO fått negativ karakter for følgjande 9 politikkpunkt, der Senterpartiet vil: • at ein større del av oljeformuen bør investerast i grunnleggjande infrastruktur i Norge For Senterpartiet er utbygging av infrastruktur som samferdsel og breiband avgjerande for eit livskraftig næringsliv i heile landet. Likeins meiner vi at arbeidsplassane i primærnæringane landbruk og fiske er like verdfulle arbeidsplassar som andre. Selskap som Statoil/Hydro og Statkraft er bygd opp gjennom disponering av store nasjonale verdiar. Senterpartiet vil sikre at denne verdiskapinga kjem folk flest til gode og ikkje berre nokre få bedriftseigarar. NHO sin trusel om norsk arbeidsløyse er kjent frå forrige EU-kamp. Realiteten er at arbeidsløysa i Noreg berre har vore ein brøkdel av EU si arbeidsløyse dei siste 20 åra. At det offentlege tar ansvar for grunleggjande velferdstilbod som skule og omsorg er viktig for å sikre gode lokalsamfunn i heile landet. Fylkeskommunen og kommunane har ei heilt sentral posisjon her. I tillegg spelar dei ei viktig rolle i lokal tilrettelegging for næringsliv og infrastruktur. Slike tilbod er i mange tilfelle avgjerande for etablering av private arbeidsplassar. Sognatreff
Følgt av 1381 medlemmar.
Sona for sogningar og andre som liker seg i Sogn. Meir om sona Sognatreff er ei sone på Origo. Les meir | ||