Raudt Høyanger vil at arbeidsfolk skal behandlast og betalast godt. Partiet vil at arbeidsfolk i alle verksemder skal vere fagorganiserte og ha tariffavtale. Tariffavtalar bremsar eigarar/verksemder si ekstra-utbyting av tilsette. Det er nedslåande at Høyanger AP ikkje vil bruke kommunen si innkjøpar-makt til å krevje tariffavtale hjå leverandørar.
I 2008 og 2009 leigde Høyanger kommune seg litauiske sjukepleiarar til ferieavløysing. Det skjedde gjennom utleigefirmaet Orange Helse. Der var ingen tariffavtale, og Raudt meinte at dette var sosial dumping. Raudt fekk saka opp i kommunen sitt kontrollutval, men utvalet fann seg ikkje støtte for at dette var sosial dumping.
Kontrollutvalet gjorde likevel eit positiv vedtak. Dei oppmoda kommunen til å vedta eit innkjøpsreglement som inneheld krav til leverandørane om tariffavtalar. Dette likte Raudt og ba om at saka kom opp i kommunestyret.
Tysdag 16. feb. kom saka opp i kommunestyret. Administrasjonen hadde ei sjølvmotseiande saksutgreiing. Adm. skreiv at det ser ut til at leverandørar har orden i forhold sine tilsette. På andre sida hevda adm. at den ikkje har tid til å sjekke om leverandørar har tariffavtale! Dette er nesten komisk! Det er jo lettare å sjekke om leverandørar har tariffavtale enn om dei har ”orden” i forhold til sine tilsette.
Raudt meinte at kommunen skulle bruke innkjøpar-makta si til å krevje tariffavtale. Partiet sine to representantar fekk støtte frå SVs Astrid Henden Refsdahl som også er leiar i LO Ytre Sogn. Også KrF-representanten Signy Nyland ville revidere innkjøpsreglementet. Høyanger AP uttala seg i allmenne ordelag for tariffavtalar, men ville ikkje ta det inn i innkjøpsreglementet. Dei borgarlege trengde såleis ikkje seie noko som helst – dei kunne berre følgje med i AP-straumen.
Denne saka må haldast varm. Raudt håpar at Høyanger AP kjem på betre tankar og røystar raudt/rett neste gong saka kjem opp. Eller skal bedriftseigar-interessene vege tyngst for AP også i framtida?
Raudt Høyanger
Einar Rysjedal
leiar